GODE HISTORIER
| Her vil eg prøve å kome med ei og anna historia, som eg sjølv likar godt. Startar med ei. Fleire vil kome etter kvart. |
Vaskefatet ved Gopetjønna.

Kyllingar i vadmålsbuksa.
Ein litt tilårskomen gubbe ovantil Verdalen hadde etter kvart fleire ærend å utføre nede på Øra. Og den dagen dei nye små-kyllingane skulle kome sendandes måtte han vere der å ta hand om smånysta.
Det var ein bitande kald dag så han kledde seg godt. Framkomstmiddelet var trøsykkelen, så det vart nok ein heller trekkfull dag. Han gjorde seg god flid med hyssingar nede på buksebeina. Både for å halde trekk og kulde ute. Og fordi det var heller dårleg med kjedekasse på sykkelen. Der hang berre restar att.
Det fyrste han jorde var å henta pappkassa med kyllingar som kom på toget. I kassa stod det bra til. Både med strø og havregryn, så den surra han godt fast på bagasjeberaren.
Nye erend vart unnagjordt og huskelista minka etter kvart.
Men etter som tida gjekk kraup nok kulden innover i kyllingkassa. Gubben fann det difor tryggast å smette heile flokken ned i vadmålsbuksa. Der fekk dei att temperaturen, og livna til etter kvart.
Siste stopp før heimturen var hjå bakaren. Det ville vera stas med litt fersk by-bakelse når han kom heim. Medan han stod å akkederte med ekspedtrisa i bakarbutikken var der ein fremmeleg hønekylling som såg sitt snitt til å stikka den lodne halse sin ut gjennom buksesmekken. Og nappa seg nokre brødsmular som slang på disken.
Jenta bak disken sette i eit hyl, og rømde ut på bakromet til mora. Her fortalde ho oppskaka kva ho hadde sett, eller rettare sagt, kva ho trudde ho hadde sett!
Men mora roa ned: ”Du må no ikkje ta så på vei. Du som er trulova og alt. Du har no vel sett slikt før”.
Jenta måtte no innrømme det: ”Men aldri nokon som har plukka i seg brødsmular!”

Samehistorie 2.
Ei anna episode syner også denne for oss litt framande form for logikk som mange samar uttrykker.
Ordføraren i Kirkenes jobba alltid for at kommunen hans skulle vera oppgradert på nye trendar i tiden. Han hadde litt skrekk for at nokon skulle kunne seia at dei var gammaldags og akterutseilte der oppe i det høge nord.
På ei tenestereise til Oslo opplevde han så for fyrste gang fenomenet Rundkøyringar.
Dette måtte dei sjølvsagt ha i Kirkenes også. Vel heimkomen fekk han gjennomslag for ideen, og ikkje lenge etter var ei flott rundkøyring på plass. Og ordføraren køyrde kvar dag ein ekstra avstikkar på sin vei til rådhuset. For å få med seg den nye rundkøyringa.
Men ein dag, midt i rundkøyringa, small det. Ein same i firhjulstrekkar kom inn frå sida, og ordførarbilen såg ikkje særleg pen ut etter møtet. Ordføraren leksa opp for samen, og avslutta: ” Og så må du no vel forstå og vite at du hadde vikeplikt”.
”Jadda, jadda, vikeplikt det hadde jeg, men jeg benyttakke meg av den”.
I utmarka fremst i dalen på Vartdal finn vi ein idyllisk ” kopp” i fjellet som vert kalla ”Gopen”. Idyllen vert ikkje ringare av at der i denne koppen ligg ei lita fin tjønn. Ypparleg som badeplass for sveitte fjellvandrarar.
Denne fine plassen vart etter kvart mykje besøkt. Den var eit ynda mål for familieturar på søndagar. Her var lett tilkomst, her kunne ein ordne seg mat, og her var som sagt ein fin badeplass. Blekkboksar, eingongsgrillar, flasker og anna rask var til slutt i ferd med å øydelegge idyllen.
På denne tida var der ei sprek og spenstig dame i sine beste år, frå Ålesund, som nytta marka her som turområde. Ho likte seg tydelegvis godt, for ho kom att så ofte ho kunne. Ein fineversdag kom ho fram til Gopetjønna. Sola steikte og den blanke vasspegelen lokka innbydande. Reslutt kledde ho av seg kvar ein tråd, og vassa uti. Vi skynar dette var ein herleg opplevelse, og tida gjekk nok mykje fortare enn ho beregna.
Då ho omsider såg opp og skulle vasse i land, fekk ho sjå han Leif som var komen til. Han sat ganske roleg på ei tue og betrakta det liflige synet. Og ikkje viste han tegn til å snu ryggen til å trekke undan heller. Men på land måtte ho, så her var det berre å la det stå til.
Ho vassa til lands og treiv seg eit gammalt vaskarfat som låg i graset. Dette heldt ho framfor seg, og med den andre handa på tvers over brystet dekte ho seg så godt som mogleg.
Men han Leif han sat. Her fekk augo gjera seg gjestebod!
Då rann nok harmen i by-dama. Ho slepte med handa over brøstet, peika rett på han Leif og sa med tyngde på kvart ord: ” Vet Di hva jeg tror ?”
” N jaa”, sa han Leif, ”du trur der er botn i vaskarfatet!”