Her er beskrive dei vanlegaste rutene til fjelltrim-postane. Spør kjentfolk om du likevel er usikker. Postane skal vere merka med ei raud fille. Vi vil minne om å vise omsyn ved parkering, ikkje gå over dyrka mark og hugse å late att grinder. GOD TRIMTUR!
2010:
1. Molladalen. ca.780 moh. 5 poeng. Start frå Melbøsætra, skilt der råsa startar, gå framover skogen, over Ædhaugen og gjennom Molladalsporten til siste høgda før Storevatnet, der posten ligg under ein stor stein. Ein luftig passasje i råsa er tilrettelagt med kjetting som handtak. Fin tur vidare over Molladalsskaret, 980 moh, til Ytre Standal. Kan også gå til Molladalen via Fossen eller Steinstøylskaret.
2. Vollesætra. ca. 400 moh. 2 poeng. Råsa startar framom fremste husa på Vollane, til venstre for elva ved eit kvernhus. Gå oppover skogen, kryss elva etter 2-300 m, fortsett til over granskogen, der posten ligg i ein gamal selmur.
3. Romestrandhornet / Festøykollen. 911 moh. 5 poeng. Fortsett frå Vollesætra, følg råsa nordover til Gamlestøylen og vidare til høgda mot myrane, der råsa dreiar nordover mot ryggen, forbi Litletua og Stortua til toppen. Posten ligg i varden. Flott utsikt.
4. Barstaddalen. ca. 570 moh. 3 poeng. Bomveg til Barstadsætra, der råsa går til venstre for Barstaddalselva oppover skogen, over skoggrensa og inn i dalen, der posten ligg i murane ved hytta. Fin tur å gå vidare over Barstadskaret, 690 moh, til Romedalen eller Høgebakken.
5. Rotneshytta. ca. 290 moh. 2 poeng. Gå frå Rotaneset og følg ein fin skogsveg til endes, nedanfor hytta, der posten ligg under ei helle. Fin utsikt.
6. Koppen. ca. 280 moh. 2 poeng. Start på Masdal, der du finn råsa til venstre for brua på riksvegen, først på traktorveg, så vidare oppover skogen, over tregrensa og inn i koppen nedanfor Masdalskloven. Posten ligg ved ein stor stein. Fin familietur.
7. Middagshornet, 1091 moh. 5 poeng. Gå til Barstadskaret via Barstaddalen eller Høgebakken. Ta sikte på nordvesteegga og gå opp mot ein markert rygg, nokre raude merke kan du finne, inga markert rås. Frå ryggen finn du ei godt synleg rås til toppen. Her er ein fantastisk utsikt! Kan få ein rundtur ved å fortsette fjellryggen mot Steinstøylsskaret, og gå vidare til Molladalen eller ned til Steinstøylen.
8. Storhylla. 960 moh. 5 poeng. Dette er nabotoppen til Klovetinden, på andre sida av Masdalkloven. Beste vegen går frå Barsatdskaret over Trongegga og nordvestover fjellplatået til Storhylla. Posten ligg ved ein varde. Når snøen er smelta kan gå deifrå bratt ned i Masdalkloven ( inga rås her) og vidare tilbake Barstaddalen.
9. Åvatnet. 568 moh. 2 poeng. Gå frå Høgebakken (bomveg) rett sørover ned og forbi eit lite vatn, vidare oppover langs ein lita elv, krysse den og gå over haugane. Du ser no koppen der Åvatnet ligg. Ta sikte på ein tydeleg rygg på venstresida av elvegjølet som kjem ned frå vatnet. Der er ein delvis tydeleg sti. Posten ligg ved osen.
10. Storekuven. 868 moh. 5 poeng. Start på Høgebakken (sætra på Nordre Vartdal). Ta sikte på å gå opp dalen mellom Kuvane. Du finn råsa til venstre for elva som kjem ned der. Følg den opp dalen til Ørstaskaret og drei nordvestover til toppen. Posten ligg i varden, god utsikt! Kan ved lite snø gå sidebratt frå Åvatnet under Storekuven(inga god rås),og dreie rundt fjellryggen og følge den til toppen.
11. Hesteryggen. ca.550 moh. 2 poeng. Gå frå Høgebakken innover dalen mot Skjerva. Ved eit merke dreiar du til venstre opp ein markert rygg, følg den heilt opp der posten ligg. Fin familietur.
12. Sæsshornet. 868 moh. 5 poeng. God blå-merka rås frå Sætre på Vartdal opp skogen forbi Risanakken til toppen, der posten ligg ved varden. Ein fin tur vidare er søraustover fjellryggen til Den Julianske Borg eller Fossholstinden.
13. Julianske Borg ved Grøthornet. ca.1000 moh. 5 poeng. Start ved ei flott informasjonstavle på Myklebust i Årsetdalen. Godt merka rås oppover fjellsida til over skoggrensa, der terrenget flatar ut. Følg råsa rett oppover til eit skilt med pil i retninga du skal gå vidare, råsa blir utydeleg til du kjem opp på fjellplatået. Gå søraustover på ei grasslette til ein stor stein, drei rett sørvest. Du ser små vardar og ein staur ved den Julianske Borg. Her ligg oftast ein snøflekk tidleg på sommaren. Kan også starte turen på Sætre, gå via Risanakken og Sæsshornet, der ein delvis tydeleg sti flatar ut framover fjellet.
14. Bergehornet. 1024 moh. 5 poeng. Gå frå Risaskaret (sjå rutebeskriving nedanfor) og ta sikte på ryggen som går rett opp mot toppen (ikkje tydeleg rås). Utsikt! Kan også gå frå Remen via Nakkane og Kornfjellet. Kan følge egga vidare til Grøthornet, ned Indre-Risaskaret og velge vidare tur til Liadalsætra, Hesteryggen, Skorgedalen eller tilbake til Risaskaret.
15. Vassdalen. ca. 370 moh. 2 poeng. Kan køyre til Årsetstøylen, eller gå den fine sætrevegen dit frå Busetlegene. Fin rås oppover til Vassdalen og til osen av vatnet det posten ligg. Fin familietur. Kan gå vidare over Vassdalsskaret og ned Nupadalen i Ørsta.
16. Skorgestøylen. ca. 420 moh. 2 poeng. Bomveg til Busetsætra. God sti innover dalen til sætra i Skorgedalen. Lite stigning i flott natur, lett tur. Posten ligg i ein gamal selmur. Kan gå vidare gjennom dalen og ned i Skorgeura.
17. Hesteryggen / Hestefjellet. 801 moh. 5 poeng. Kortaste vegen går frå Skorgestøylen over Heidane til nordlege enden av Svartevatna. Derifrå går ein markert fjellrygg opp mot toppen. Følg den og drei litt til venstre for egga i siste stykket mot toppen.Her er bygd ein flott varde. Fin utsikt til Risaskaret og utover Rovdefjorden. Kan også gå dit via Risaskaret og Indre-Risaskaret eller frå Skorgedalen - Åsalen og opp Skorgedalsskjæften (Ørstamunnen).
18. Hessdalen. ca.560 moh. 3 poeng. Ein fin tur til ein lite besøkt dal startar på Busetsætra (bomveg). Følg råsa som går nordvestover til Litledalen, kryss elva like nedanfor osen og drei utpå dalkanten (med flott utsikt til Årsetdalen) og vidare oppover skogen, rundt fjellryggen til du ser vatnet i Hessdalen. Gå litt ned til posten som ligg i varden ved vatnet. Kan gå vidare rundt Levandehornet over Heidane til Skorgedalen, -fin rundtur. Kan også gå frå Hessdalen til Risaskaret.
19. Risaskaret. ca.510 moh. 3 poeng. Traktorveg til Fosshola. Kryss brua ved kraftverket og følg råsa som går til høgre for røyrgata opp på skaret. Posten ligg i varden på kanten. Kan gå vidare rundt Heidane og ned Skorgedalen eller over Indre-Risaskaret og ned til Liadal eller Skorgedalen.
VINTERPOSTAR 1.desember -09 til 1.mai 2010:
V1. Barstadsætra. ca 200 moh. 2 poeng. Ved snøforhold er der ofte trakka løype frå Erdalen, rundt sætra og tilbake til Barstadsida av elva, fin rundtur for familier. Dette er også ein fin tur til fots ved lite snø. Posten er ved info-tavle til Molladalen.
V2. Rotneshytta. ca.290 moh. 2 poeng. Sjå rutebeskriving over. Her ligg det ofte lite snø om vinteren og er ein fin tur til fots det meste av året. Sola kjem tidleg tilbake her om ettermiddag/kvelden!
V3. Barstadskaret. ca. 660 moh. 5 poeng. Fin skitur frå Årskogbrua på Nordre Vartdal via Høgebakken eller frå Barstadsætra opp Barstaddalen. Her skin sola nesten heile året!
V4. Høgebakken / Vartdalsætra. 419 moh. 2 poeng. Skitur fram sætrevegen frå Årskogbrua på Nordre Vartdal til sætra.
V5. Skarsætra. 356 moh. 2 poeng. Ved snøforhold er det ofte trakka løype på sætrevegen heilt fram. Parker ved skitrekket. Fin familietur. Posten er ved brua.
V6. Skorgestøylen. 420 moh. 3 poeng. Gå på ski frå Busetlegene opp sætrevegen til Skansen ved Busetsætra og vidare innover dalen til støylen. Kan vere trakka løype heile vegen.