Den nye Vartdalsstranda Hornmusikk vart konstituert 20. februar 2002, med fylgjande resultat:
Styre:
Leiar Per Vartdal
Nestleiar Janne Egset
Sekretær Roar Sætre
Kasserar Vigdis Hillstad
Medlem Laila Håvoll Vartdal
Musikkutval:
Leiar Inger Hilde Øren
Medlem Laila Håvoll Vartdal
Dirigent Kenneth Moe
Tillitsvalde under årsmøte den 20. februar 2008:
Styre:
Leiar Tove Lise Norangshol
Nestleiar Irma Håvoll Sætre
Sekretær Kirsti Hånes Vartdal
Kasserar Astrid Kaspersen
Medlem Janne Kristin Egseth
Varamedl Ingrid Tømmerbakk og Stein Børre Vartdal
Musikkutval:
Medlem Roar Sætre
Styrets repr Janne Kristin Egseth/Sverre Sørdal
Revisorar: Per Vartdal og Anne Grete Bøkestad
Valnemnd: Frode Sætre og Oddny Buset
Våre aktivitetar:
Kvar onsdag møter vi glade og engasjerte opp på Vartdal Skule til øving og sosialt samvær. Vi er ein gjeng med glade musikantar som er stolte av det vi presterer innan korpsmusikken.
2-3 gongar i året arrangere vi øvingshelgar der vi øver på repertoaret våra og har det kjekt ilag. Gjerne saman med Vartdalsstranda Skulekorps og kanskje eit gjestekorps ein og anna gong. Når sommaren nærmar seg sett vi oss i bussen, men Bjarte som sjåfør, og reiser på ein korpstur ein kvan plass i dette landstrakte landet våra. Vi har blant anna vore i Bø i Telemark, Sjetne (utan for Trondheim) og i år går turen til Lillehammer. Den store utenlandsturen kjem til neste sommar. Da sett vi oss på bussen saman med Vartdalsstranda Skulekorps og reiser mest truleg til Sverige. Konsertar og musikk kafear høyre også med i ein hornmusikk. Vi sjonglerer mellom dei tre bygdene våra slik at alle våre sambygdingar skal få høyre kor finke vi har blitt (litt sjølvskryting høyrer med). Dei siste åra har vi også tatt på oss å arrangere julemessa på Vartdal skule. Når desember kjem er det tid for julekonsert i Vartdal Kyrkje og sjølvsagt julegrantenning i dei tre bygdene våra Håvoll.
Den store korpsdagen er 17.mai. Da stiller vi opp i fine uniformer og marsjerar så flott gjennom bygdene våra. Vi startar dagen på Nordre Vartdal der vi marsjerar frå Varden til Vartdal Helsetun. Der spelar vi eit par marsjar og nasjonalsongen våra til bebuarane og dei tilsette. Deretter marsjerar vi oss til Vartdal Kyrkje. Der har korpsa ei lita markering ved grava til vår kjære og djupt sakna dirigent Kenneth Andrè Moe som gjekk bort no i januar.
Så er det Vartdal og Barstadvika som står for tur. Her spelar vi anna kvart år først, litt bytting må til. På Vartdal startar vi på Vartdal Skule, marsjerar rundt trekanten, før vi endar opp på Soltjeld der vi avsluttar med nasjonalsongen. I Barstadvika startar toget på skulen/Samhald vidare framover bygda til vi kjem fram til na Erling Barstad. Da snur vi og marsjerar nedatt til skulen/Samhald der vi også avsluttar med nasjonalsongen. Etter det siste toget er som regel alle lepper såre og føtene treng kvile, så da takkar vi alle for ein strålandes innsats og ønsker dei ein fin dag vidare.
Føler du deg lysten til å vere med på noko av dette, er du hjarteleg velkommen. Vi tek imot alle som føler ein trang til å blåse støvet av alle gamle korpskunnskapar. Instrument har vi liggande, manglar det kan ein håpe på at julenissen våra (Håvard) kanskje kan trylle fram eit. Vi har øving på Vartdal Skule onsdagar mellom kl 18.15-20 så det er berre å ta deg ein tur, eller du kan ringe Tove Lise på nr: 957 45 414 for ein prat.
For Vartdalsstranda Hornmusikk
Tove Lise N. Masdal (18.05.2008)
21.mai
denne onsdagen øvde vi innmarsjen vi skal ha på korpstur til Lillehamer om ca 3 veker. Janne er flink til dette....venstre....venstre....venstre....
Etter på reiste me inn på Mamma Mia og kosa oss med pizza, brus og is. Dette var velfortjent etter ein strålandes innsats 16. og 17 mai!!!!
Tillitsvalde under årsmøte den 19. februar 2009:
Styre:
Leiar Irma Håvoll Sætre
Nestleiar Norunn Masdal
Sekretær Kirsti Hånes Vartdal
Kasserar Astrid Kaspersen
Medlem Janne Kristin Egseth
Varamedl Tove Lise N. Masdal og Stein Børre Vartdal

Revisorar: Per Vartdal og Aase Aarseth
Valnemnd: Frode Sætre og Oddny Buset
kort historikk:
Det opphavlege korpset vart starta i 1954 og dreiv det jamt og godt i mange år med speling i 17.mai-toga, på julekonsertane i kyrkja og ved andre høver.
Utover på 70-talet minka det av med korpsdeltakarar i "vaksne korpset" og skulekorpset vart skipa. Dette tok over instrumenta frå hornmusikken.
Spreke damer frå Vartdalsstranda hornmusikk på jentebølga i Ørsta!

Ein særs glad gjeng i «VHM-krutt» marsjerte og spelte seg gjennom jentebølga i Ørsta 6. juni 09.
Med mottoet: «Ein får ikkje meir galskap enn det ein lagar seg sjølv», og med fengande heiarop som gjalla mellom fjella vitna det om at denne gromflokken var i feststemning.
Vi strålande vaksne damene frå Vartdalsstranda hornmusikk (VHM) bestemte oss enkelt og greitt for å hive oss på jentebølgja i den genren vi meinte passa oss aller best,- nemleg reinhekla galskap! Dette klaka på seg, og allereide tidleg i fasen hadde vi sjølvsagt klare tankar om «pallplassering». Vi gjorde oss ikkje meir føre enn at vi likegodt svinga oss rundt med instrument også. Når ein skal drage gamle musikantspirar ut av dei trygge rekkene med ein haug av stemmer og trommer å gøyme seg bak, for så å entre «podiet» som minitropp måtte det til ein del «lirking», finjusteringar og omrokkering av stemmer. Den biten gjekk likevel tåleleg greitt...
Slik starta altså den unike ideen som gjorde til at vi på dugnad fekk hala iland premien for «Beste teamantrekk». Men ho ordførar-Gudny la vekt på at det var heile «pakken» (i form av speling, marsjering, venstrejogg, show og hurrarop) gjengen leverte som var utslagsgivande for prisen.
Det måtte vel vere såpass,- vi låg no i hardtrening heile 17.mai!
Om jentebølgjen ga meirsmak??? Heilt klart! Neste gong vonar vi å få med enda fleire damer i troppa vår. I den samanheng kan det også nemnast at vi i Vartdalsstranda hornmusikk til hausten vil arrangere eit uhøgtidleg oppfriskingskurs for tidlegare korpsmusikantar på Vartdalsstranda som kan tenke seg å trekke ut av treverket . På dette «kurset» er sjølvsagt både korpsmenn og korpskvinner hjarteleg velkomne. Kurset vil gå over ein heil laurdag i september, og dagen vert avslutta med ein bedre middag for alle dei vaksne korpsmusikantane om kvelden! Håper dette kan virke fristane. Velkomen skal du vere i våre rekker! Flygeblad og meir informasjon om påmelding vil bli sendt ut i postkassene på Vartdalsstranda rett etter ferien!
Ei spesiell takk til alpingruppa i Ørsta som sto føre det flotte arrangementet som jentebølgen var. Slikt vil vi ha meir av!
Oss e` få,- men oss e` fine.
Oss marsjerer stramt på line.
JenteBØLGEN!!!
Vil samtidig nytte høve til å takke alle som har støtta oss denne korpssesongen! TUSEN TAKK!
For VHM: Janne 