Kva meinar eg med mediasenter?
Eit mediasenter er ein pc som koblast til ein tv, og kan brukast for å vise bilete, filmar, spele musikk
Maskina styrast med eit trådlaust tastatur og/eller ein fjernkontroll
Kan brukast for opptak av tv sendingar..
Link til informasjon om Microsoft MediaCenter
I dette prosjektet kjem eg til å bruke:
- Windows Vista (Vista Home Premium og Ultimate er med MediaCenter modul) - det eksisterar gratis variantar for Linux..
- Skjermkort med full HD støtte og som kan koblast til ein LCD/Plasma TV via HDMI for best bilete - har valgt eit ATI Radeon HD 2600 XT
- Eit lydkort som kan koblast til eit surround annegg via analog, eller helst digital lydutgang
- RiksTV mottakar som kan monterast i mediacenter pc'en - dette er ikkje tilgjengelig i dag, men RiksTV skriv at det vil kome i år
- Ein LCD/plasma TV med HDMI inngang - reknar med å få denne på plass i løpet av februar
- Trådlaust MediaCenter tastatur med innebygd mus + Microsoft MediaCenter Fjernkontroll
Ei av utfordringane med å "lage" ein pc som skal brukast som mediacenter pc, og som skal stå i stova, er viftestøy, og at den helst ikkje skal vise.
Når mediacenter oppsettet er ferdig, skal det kunne brukast til:
- Vise bilete henta frå digitalkamera..
- Spele filmar som er henta frå videokamera, lasta ned frå nettet, eller opptak frå RiksTV
- Spele musikk i t.d. MP3 format
- Høyre på NettRadio kanalar
- Surfe på nettet
- Spel
I tillegg til dette er det, og vil det kome mange andre ting ein kan bruke ein slik pc til.
Kjem med fleire detaljar etter kvart som eg får ting opp å gå - det første som må på plass for å starte testing for alvor, er ein ny TV. Har ein TV av gamletypen i dag - denne er ikkje egna for tilkobling mot PC.
Har du spørsmål, tips, eller held på med eit liknande prosjel\kt, er det berre å legge inn ein kommentar.