Webmaster publisert February 02, 2012 08:25

Har fått ei tilbakemelding angåande sida, så eg er usikker på om sida vert brukt?
Har funne ut at eg vil prøve å halde sida gåande ei stund til, men den må byggast opp på nytt på eit nytt system for å kunne beholde sikkerheit og stabilitet.
Planen er å starte på nytt med eit nytt system (Joomla), då det er lettare å få tak i modular som støttar norsk på dette systemet. Sida vert bygd opp etter kvart som eg får tid, men eg kjem til å prioritere å få på plass aktive sider som Fjelltrimmen, Nordre Vartdal Storvald..
Eksisterande innhald vil vere tilgjengeleg på http://vartdalstranda.net (skal oppdatere denne før eg startar)
Når den nye sida er klar vil eg starte jobben med å flytte over bilder..
Om du kjenner til Joomla og har lyst å hjelpe til med å bygge opp dei nye sidene, er det berre å ta kontakt (oyvind alfakrøll mundsen.no). Tek sjølvsagt i mot hjelp med innhald.. (der du ikkje treng å kunne Joomla).
Håpar å få til ei meir "levande" side
Mvh
Øyvind